Sky ikon
Nyhende | Sport | Kvardag og fritid | Skattesøk
...
SCORA: Tonny Brochmann sette inn Sogndal sitt andre mål i 2-0 sigeren over Hødd i kveld. Foto: Morten Sortland

Flo og Brochmann sikra siger

Eit spelande Sogndal vann i kveld 2-0 over Hødd i Sognahallen.

Oppdatert 27.01.2012 kl 21:32

– Eg tykkjer me spelar ein fin og god kamp i dag. Men det kan sjølvsagt bli betre, seier Tonny Brochmann.

Herja

Han spelte ein god kamp frå sin vingposisjon der han ved fleire høve herja med Hødd-forsvaret på eiga hand.

Like før pause sette han også inn 2-0 scoringa til Sogndal då han snappa opp eit tilbakespel, runda keeper og enkelt kunne auke leiinga.

– Det var ein forsvarstabbe, men det er alltid kjekt å scora, seier Brochmann, som elles er nøgd med at Sogndal har teke sin tredje strake siger. – Slikt gjev sjølvtillit, seier dansken.

Ringreven Flo

Ein halv time før scoringa til Brochmann hadde allereie ringreven Tore André Flo sendt heimelaget opp i 1-0 då han nikka eit innkast frå Tajio Teniste i mål.

Sogndal hadde full kontroll på laget frå Ulsteinvik og var nærare 3-0 enn dei var redusering. Sogndal trenar Jonas Olsson er nøgd med at laget ikkje slapp inn nokre mål.

Nøgd trenar

– Det er første kampen me ikkje slepper inn og det må me ta med oss vidare. Eg tykkjer elles me gjere ein god 1. omgang, men er litt slappe i 2. omgang. Hødd er også eit godt lag, seier Olsson om kampen.

Men det som Olsson var mest nøgd med i dag var at feilprosenten var redusert i høve tidlegare kampar i år.

– Me hadde mindre feilpasningar i dag enn dei andre kampane, det er eg nøgd med, seier han.

Nyhende

Sakna jente funnen i god behald

Får fleire medlemmer

D-dag for vikjafjellstunnel

Ber retten ta opp anke

Legg ned i Lærdal

Framleis flaumfare

Nyhende

Sakna jente funnen i god behald

Får fleire medlemmer

D-dag for vikjafjellstunnel

Ber retten ta opp anke

Legg ned i Lærdal

Framleis flaumfare

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Kvardag og fritid | Skattesøk
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 99082381
Telefon: 57656000
E-post: redaksjon@sognavis.no
Sogn Avis, postboks 3, 6861 Leikanger
Besøksadresse: Riverdalen 5, 6863 Leikanger
Redaktør: Jan Inge Fardal

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale