Sky ikon
Nyhende | Sport | Kvardag og fritid | Skattesøk
...
Mette Wikborg (t.v.), Lasse Kjus og Olav Grov (t.h.) på opninga av den nye butikken i Marifjøra. Foto: Håvard Nesbø

Kjus opna butikk i Marifjøra

Lasse Kjus opna på onsdag sin fyrste klesbutikk i landet i Marifjøra i Luster.

Oppdatert 16.06.2011 kl 11:40

– Me har valt å representere merket og kleda våre meir på Vestlandet og spesielt i Sognefjorden, då det er lite av det til no, seier Kjus som vart kjent med folket på Tørvis Hotell under oppdrag Sognefjorden som gjekk på NRK tidlegare i vår.

Fyrste i landet

Mette Wikborg er eigar av Tørvis Hotell og kafé i Marifjøra som er lokala Kjus skal selja kleda sine i.

Ho seier dei er veldig glade for at han har valt å opna concept store, som den einaste i landet, i Marifjøra. Ho seier at dei byrja å prate om å lage ein slik butikk for kleda til Kjus i forbindinga med oppdrag Sognefjorden då dei hadde base ved Marifjøra, og det var slik snøballen starta å rulla.

Kjus vil saman med Hans Petter Buraas utvide merkevara og søkjer nye kundar ute i Distrikts-Noreg.

– Me søkjer alltid etter nye kundar og me ville satse på Marifjøra fordi det er ein naturleg gjennomgong med turistar og fjellfolk der, seier «Burre».

Eksklusivt merke

Buraas seier at merket har sidan oppstart av sin kleskolleksjon i år 2000 satsa hardt på vinter- og utstyrsklede. Men i løpet av dei seinare åra har dei satsa meir og meir på sommarklede.

– Heile konseptet starta for 11 år sidan med rein vinterkolleksjon. Etter kvart har Kjus vorte eit veldig eksklusivt merke med fotfeste både i USA og Europa, og det er ikkje mange merkjer som klarer, seier Buraas.

Les meir i Sogn Avis torsdag eller i e-avisa, den elektroniske utgåva av papiravisa.

Nyhende

Sakna jente funnen i god behald

Får fleire medlemmer

D-dag for vikjafjellstunnel

Ber retten ta opp anke

Legg ned i Lærdal

Framleis flaumfare

Nyhende

Sakna jente funnen i god behald

Får fleire medlemmer

D-dag for vikjafjellstunnel

Ber retten ta opp anke

Legg ned i Lærdal

Framleis flaumfare

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Kvardag og fritid | Skattesøk
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 99082381
Telefon: 57656000
E-post: redaksjon@sognavis.no
Sogn Avis, postboks 3, 6861 Leikanger
Besøksadresse: Riverdalen 5, 6863 Leikanger
Redaktør: Jan Inge Fardal

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale