Sky ikon
Nyhende | Sport | Kvardag og fritid | Skattesøk
...
Jonny Johansen demonstrerer korleis han lynraskt kan leggja ein motstandar i bakken. Bak står Glenn Cato Engeseth (f.v.), Anne Beisbier, Charlotte Grimeland, Kia Simonsen, Gunnhild Nybø og Isak Kosmo. Foto: Keth Øren

Lærer å forsvara seg

I snart eitt år er det blitt undervist i ein eldgamal japansk kampkunst i Sogndal.

Oppdatert 27.01.2012 kl 09:28

– Ju jitsu er ein moderart som mange andre stilartar spring ut frå. Ju jitsu kjem frå samuraiane, som ofte gjekk med rustning, seier instruktør Jonny Johansen.

Og han teiknar eit litt ubehageleg bilete av korleis ein kan finna dei svake punkta på ein med rustning, særleg i ledda. Dette er ein kampkunst for å verna seg sjølv, også før det blir fysisk kontakt. Ju jitsu er først og fremst ei sjølvforsvarsgrein, og Johansen vurderer å arrangera sjølvforsvarskurs i Sogndal. Lite skal til før at ein er blitt betre til å forsvara seg.

– Med nokre få timar sjølvforsvarsretta trening er du atskilleg betre rusta. Det kan samanliknast med førstehjelpskurs. Du blir ikkje ekspert, men kan avverja mange farlege situasjonar.

15 personar

– Åhåhåå! Jonnys elev slår handflata i matta i gymsalen på Trudvang. Teiknet på at nok er nok. Ikkje berre er han sveipa over ende på eit tidels sekund, men Jonny har festa eit solid kontrollgrep.

Om lag 15 personar trenar i sogndalsklubben, fire av dei jenter, og det er ikkje plass til stort fleire. Dei fleste er nybyrjarar, nokre har gult belte. Ei av jentene har trent nokre år og har grønt belte.

Jonny Johansen har svart belte, og er då «sensei». Han har trent kampsport sidan 80-talet. Florøværingen flytta til Førde og starta ju jitsu-klubb der i 2001. Ein av hans elevar driv den vidare. Hausten 2010 flytta han til Sogndal for å studera, og i februar i fjor starta han Sogndal Ju Jitsu klubb.

Tyngdepunkt

Kia Simonsen kastar Jonny tilsynelatande uanstrengt over hofta. Og frå ein posisjon som ser håplaus ut – han sitjande oppå henne, får ho kasta og rulla han til sida og tar kontroll. Jonny forsikrar om at det er reelt; det er ikkje slik at han ikkje yter motstand og lét henne slengja han rundt.

– Tyngdepunkt, seier ein andpusten Jonny.

Det er ikkje kjøtvekta som tel om ein har teknikkane inne. Er du mindre enn motstandaren, er det faktisk ikkje så dumt. Eit lågare tyngdepunkt kan utnyttast. Kia får hofta inn under hofta/tyngdepunktet til Jonny, og kan vippa han over skuldra. Ingen sjanse for angriparen å stå i mot.

– Følg med

Men ju jitsu handlar ikkje berre om å kjempa seg ut av overfallsituasjonar. Johansen er krystallklar på at mange situasjonar kan hindrast i å det heile tatt oppstå, berre folk er observante og følgjer med.

– Følg med, ver rak i ryggen og bestemt.

Slik bør ein opptre, til dømes når ein møter folk på gata.

– Undersøkingar har vist at kriminelle ofte går etter same type personar, seier han.

Dei som ikkje er bevisste på omgjevnadene, dei som ikkje orienterer seg godt nok. Å gå med musikk på øyret og fikla med mobiltelefonen er teikn på at ein ikkje har rette fokus, og vel ein den mørke sida av gata, har ein gjort seg ekstra utsett.

Gradering

– Maté! Elevane stoppar lydhøyre opp når sensei Johansen ropar «stopp» på japansk. Denne kvelden er det oppkøyring til gradering, og det blir trent på ulike teknikkar. Fleire i klubben har trent andre stilartar før. Øystein Høyum har trent karate tidlegare, og i ju jitsu er det meir felling og kontrollgrep. Han trenar også for å halda seg i aktivitet.

– Det er allsidig trening og det er bra for motorikken, seier Høyum.

Kia Simonsen er dansk og studerer landskapsplanlegging i Sogndal. For henne var ju jitsu-tilbodet i her viktig for valet av studiestad, for ho har trent ei stund i heimlandet.

– Det er enkelt å skulle føla seg trygg. Det skal lite til for å forsvara seg, seier ho.

Kia demonstrerer at det kan vera nok med press frå ein velplassert finger i halsgropa, så får ein angriparen på avstand.

Ofte handlar det om å halda hovudet kaldt. Men for Kia var det ikkje hovudsakleg tryggleiksaspektet som lokka henne inn i idretten.

– For meg har det alltid vore sport.

Billeg idrett

Instruktør Jonny Johansen har faktisk sølv frå eit noregsmeisterskap, men ifølgje han er det ikkje så sterkt fokus på konkurranse­aspektet i ju jitsu, samanlikna med ein del andre stilartar. Han har også delteke i NM i judo og taekwondo.

– Eg byrjar å bli gamal – det er slitsamt å konkurrera, seier han og ler.

Han drøymer om ordentlege matter i gymsalen. Mattene dei får låna er greie nok, men det beste hadde vore matter som er spesiallaga til føremålet. Men dei kostar frykteleg mykje. Den kontigentauken det betyr for medlemmane ser han ikkje heilt føre seg. Ju jitsu er eigentleg ein ekstremt billeg idrett.

– Om lag 500 kroner for drakta, og sko treng ein ikkje, seier Jonny og smiler.

Han er godt sveitt etter økta. Kor intensiv treninga skal vera, kan utøvarane sjølv tilpassa, og det er ingen tvil om at det kan vera svært effektivt for heile kroppen.

Reportasjen stod på trykk i papirutgåva av Sogn Avis laurdag.

Sport

Lyyski sa nei til Sogndal

Kjenn suget frå Balestrand

Rasfare stoggar frikøyring

Sjå biletserie

Vikjene imponerte på stafetten

Samlar årdalsfotballen under éin paraply

Sport

Lyyski sa nei til Sogndal

Kjenn suget frå Balestrand

Rasfare stoggar frikøyring

Sjå biletserie

Vikjene imponerte på stafetten

Samlar årdalsfotballen under éin paraply

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Kvardag og fritid | Skattesøk
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 99082381
Telefon: 57656000
E-post: redaksjon@sognavis.no
Sogn Avis, postboks 3, 6861 Leikanger
Besøksadresse: Riverdalen 5, 6863 Leikanger
Redaktør: Jan Inge Fardal

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale