Sky ikon
Nyhende | Sport | Kvardag og fritid | Skattesøk
...
Friidrettsutøvar Sander Sekkingstad Terum og boksar Mario Baltov Midje. Foto: Olav Terum

Stipend for gode resultat

Sander Sekkingstad Terum og Mario Baltov Midje heidra med prestasjonsstipend.

Oppdatert 26.01.2012 kl 17:00

Friidrettsutøvar Sander Sekkingstad Terum og boksar Mario Baltov Midje vart på årsmøtet til Aurland IL heidra med Flåm Utvikling sine prestasjonsstipend for gode sportslege prestasjonar i 2011.

Terum vart i fjor ungdomsmeistar på 2000 meter hinder, han fekk bronsemedalje på 3000 meter hinder i senior-NM og tok dessutan bronsemedalje på 1500 meter innandørs i ungdoms-NM. Forutan dette har han prestert heilt i toppen på fleire store stemne i Noreg og i Gøteborg.

Midje har utvikla seg vidare som boksar, og vann mellom anna gull i B-NM og i eit stort stemne i Askim. Han gjekk òg til topps i eit større boksestemne i Bergen.

Sport

Lyyski sa nei til Sogndal

Kjenn suget frå Balestrand

Rasfare stoggar frikøyring

Sjå biletserie

Vikjene imponerte på stafetten

Samlar årdalsfotballen under éin paraply

Sport

Lyyski sa nei til Sogndal

Kjenn suget frå Balestrand

Rasfare stoggar frikøyring

Sjå biletserie

Vikjene imponerte på stafetten

Samlar årdalsfotballen under éin paraply

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Sport | Kvardag og fritid | Skattesøk
KONTAKT OSS
Tipstelefon: 99082381
Telefon: 57656000
E-post: redaksjon@sognavis.no
Sogn Avis, postboks 3, 6861 Leikanger
Besøksadresse: Riverdalen 5, 6863 Leikanger
Redaktør: Jan Inge Fardal

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale