Egil Mundal & Co i Sogndal Fotball har i dag vitjing av to representantar for Skatt Øst. Kjekt å ha besøk av fagfolk, seier Mundal etter vitjinga.
Bakgrunnen er saka som er rulla opp i Fredrikstad. For fem år sidan brukte Sogndal den same agenten som Raio Piiroja, estiske Tarmo Lehiste, då klubben henta Karl Palatu.
«Det er naturleg at Skatt Øst tek opp den saka med estiske spelarar og overgangar av desse til Noreg,» sa Mundal til Sogn Avis for ei veke sidan.
I dag kom to etterforskarar på vitjng til kontora på Fosshaugane Campus.
Sogndal har to spelarar der overgangane vil bli granska.
– Me har hatt lange og grundige diskusjonar med desse fagfolka om eit regelverk som er veldig kompleks. Og det er viktig å få med seg at me ikkje er mistenkte for noko. Dette er ein del av en større gjennomgang av ein del internasjonale overgangar der ein estisk agent har vore involvert. Eg tykkjer det er positivt at me bur i eit land der slike granskingar blir gjennomførte på denne måten, seier Egil Mundal etter dagens vitjing frå Skatt Øst.